Sweetheart @ Tre Brør Bar

Den lavmælte americanaduoen Sweetheart vant i vår sin andre Spellemannpris for sitt andre album, «I Will Love You When The Morning Comes» som vart utgjeven hausten 2023 til strålende kritikkar. Dei har òg spelt ei rekkje konsertar omtalt som euforiske konsertopplevingar over heile Noreg. Denne fredagen kjem dei til oss, kom og lat deg trollbinda av heile Noregs Sweetheart 😉

page view image
Evenemangsdatum

fredag 23 aug 2024 20:30

avslutas fredag 23 aug 2024 22:00
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ

Tillgängliga artiklar

Ordinær
event image

Evenemangsinformation

Sweethart

Den melankolske americanaduoen Sweetheart er samansatt av låtskrivar John-Arne Ø. Gundersen (gitar og vokal) og Anne Mette Hårdnes (piano og vokal), og likar å kalle seg verdas tristaste rockeband. I 2020 meldte Sweetheart seg for alvor på den voksande americanabølga – òg omtala som nordicana – med utgjevinga av debutalbumet «Sweetheart», som vart kritikerrost for sin lavmælte melankoli og omtala som eit av årets vakraste album. I 2021 vart dei lønna med Spellemannpris for sitt debutalbum i sterk konkurranse med Malin Pettersen, Darling West og Johan Berggren.

I september 2023 utgav Sweetheart sitt andre album, «I Will Love You When The Morning Comes», spelt inn i Athletic Sound, med legenden Kai Andersen som produsent. Albumet har motteke strålande kritikkar og har vorte omtala som «eit av dei vakraste stykker musikk som er laga på denne sida av tusenårskiftet» (Gubberock) og «usigelig vakkert» (Øyvind Rønning), mens Sweetheart er vorte kalt «Norges dyktigste ballademakere» (Feedback/iTromsø). «I Will Love You When The Morning Comes» er minimalistisk og melankolsk americana, det er lavmælt og nostalgisk, det er akustisk og følelseslada country som ikkje heilt er country. På albumet speler jazzlegenden Nils Petter Molvær trompet, og Fats Kaplin, som tidlegare har samarbeida med Beck, Jack White og John Prine, har spelt pedal steel, dobro, banjo og fele. Multiinstrumentalisten Freddy Holm, som har deltatt på over 300 utgjevingar, og samarbeida med blant anna Madrugada, Ane Brun og Taylor Swift, har arrangert og spelt strykarar. Singlane frå albumet er spelt på riksdekkande radio, som Musikksjefen, og vorte plukka ut av redaktørane i Tidal og Spotify til toneangivande spelelister som «New Norwegicana», «Nordic Folk» og «New Music Friday».

Live er Sweetheart kjend for å trollbinde publikum med si engasjerande, kjensleladde og stillfarne framføring. Harmoniane og dei minimalistiske arrangementene etterlet ofte publikum i undrande stillheit. Sidan debutalbumet kom i 2020 har Sweetheart spelt ei rekkje konsertar over heile Noreg, fleire av dei utsolgte. Feedback lønna Sweethearts konsert på Driv i Tromsø med terningkast 6: «I Sweethearts tilfelle endte dette ekstra steget opp på eit nivå der euforiske konsertopplevingar skapast. (...) Disse tandre låtane framkaller den merklege kjensla der ein får lyst til å grina og jubla om ein annan. Sjeldan har ‘søndagsmorramusikk’ fungert så godt på ein fredag. Sjølv om Sweethearts framføring er stillfaren, og metoden såre enkel, vert resultatet så jævla genialt denne kvelden.»

Hausten 2023 gjennomførte Sweetheart ein Noregsturné med 16 konsertar over heile landet.

Sitater / anmeldelsar av «I Will Love You When The Morning Comes»:

Feedback (terningkast 5):

«Med et tydelig glimt i øyet, kaller Sweetheart seg selv verdens tristeste rockeband. Det spørs om ikke Norges dyktigste ballademakere er en vel så bra beskrivelse.»

Dust Of Daylight:

«Duettene, harmoniene og måten disse to stemmene bygger stemninger på er intet mindre enn magisk. De kan varme opp det kaldeste rom, og er du uberørt etter en konsert med Sweetheart så er det på tide å oppsøke lege og be om hjertetransplantasjon.»

Popklikk:

«Tidvis er det så sårt og vakkert at selv tiden må ta seg en pust i bakken.»

Gubberock:

«Verdens tristeste rockeband» – som de selvironisk kaller seg – har gitt ut et av de vakreste stykker musikk som er laget på denne siden av tusenårskiftet.»

Mitt liv som Erik (6 av 6 stjerner):

«Dette er sanger som klarer seg godt med en kassegitar og to stemmer, men de blir sublime små mesterverk med krydderet som er påført dem.»

Øyvind Rønning:

«Jeg vil strekke meg så langt som å påstå at det låter usigelig vakkert.»

Musikknyheter.no (7/10): 

«…hvis dere som meg liker dvelende, langsomme, lavmælte og stemningsfulle sanger i skjæringspunktet folk/americana, så er I Will Love You When The Morning Comes midt i blinken.»

Arrangör
Kulturprogrammet Tre brør