page view image

Vesterveg // Konsert // Tre Brør Bar

Information
event image

Konsert med Vesterveg - ei musikalsk reise over Nordsjøen
Vesterveg inviterer til keltisk stemning på Tre Brør når den norske fela og toradaren møter den britiske fløyta og irske sekkepipa. Dei speler slåttar frå England og frå heimtraktene til Ingrid Sørheim og Lisa Haugeland, høvesvis Norheimsund og Flekkefjord, og leikar seg i grensene mellom norsk og engelsk folkemusikk. Vesterveg lagar også nye slåttar med inspirasjon frå den keltiske folkemusikken. Det kriblar gjerne i dansefoten når dei står på scena. Korleis høyrer springar ut på fløyte og kva har eigentleg Nils Tjoflot med sekkepipa å gjera? Vesterveg har svaret og inviterer til jam for alle etter konserten!