page view image

Kaja Gunnufsen // Konsert @ Tre Brør Bar

Me har den største gleda av å presentere sjølvaste Kaja Gunnufsen på Tre Brør - endeleg!!

Information
event image


 Med eit unikt og vindskeivt blikk på både sitt eige liv og verda rundt ho, har Kaja Gunnufsen i løpet av det siste tiåret vore ein av dei mest karakteristiske artistane på den norske pophimmelen. Helt fra startgropa var det tydeleg at Gunnufsen har ei unik stemme som har vore relaterbar for ein heil generasjon– noko som førte til ei rekkje prisar og nominasjonar, mellom anna Spellemann og P3 Gull. Ho har fylt konsertstader over heile landet, og spelt på dei største festivalene.


Etter nokon års opphald er ho endeleg tilbake med tredjealbumet "Interiør og død". Gunnufsen har ei helt eiga evne til å fange opp omgjevnadane på ein måte som er like deler banalt og naivt som den er intelligent og spissfindig. Hennar observasjonar og meloditeft har vore djupt sakna, og me har med dette nye albumet endelig fått gullkanta påfyll i ein allereie solid katalog.


Billettar 250