Splitgig // Sliteneliten, Ohnesorg, Albert & Elise

page view image
Arrangementsdato

fredag 13 des 2024 20:00

Slutter fredag 13 des 2024 23:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

Ordinær
Student/honnør
event image

Arrangementsinformasjon

Velkomen til splitgig på Tre Brør.
Tre ulike band inntar scenen på Tre Brør og gir deg ein kveld du seint vil gløyme. Jolastemning vert det jammen óg!


Sliteneliten:

Sliteneliten er ein norsk folkpunk-sekstett med Bordalshøvdingen Synneva Gjelland i front som har satt seg fore å dra land og strand rundt for å messa og misjonera det venstreradikale bodskap med politiske tekstar kledd opp i alle slags sjangrar.

Verken marknadskreftene eller kulturelle viktigperar ba om at seks frittalande kvinner skulle plukke opp instrument, nokon av dei for fyrste gang, og starta noko som best kan beskrivast som éin halvdel band og éin halvdel politisk prosjekt.

Dei same kreftene kunne nok heller ikkje sjå for seg at seks år seinare har Sliteneliten, med sine politiske tekstar pynta med tverrfløyte og fele på toppen av kompet, spelt et femtitals konsertar, flesteparten for hundrevis av mennesker og til stormande jubel. Gig-lista er lang og inspirerande: protestleirer for Førdefjorden og Repparfjorden, undergrunnsfestivalar som Eat the Rich, Urkult i Sverige, Fjellparkfestivalen og Karlsøy, Oslo Pride og ikke minst ein ti dagar lang vårturné kor dei blant anna fylte den legendariske Oslo-venuen BLÅ til randen. Somaren 2024 spelte dei også på sjølvaste Roskilde Festival.

Av inspirasjonskjelder kan The Raincoats, Violent Femmes, dei norske viselegendene i Amtmandens Døtre og kult-punkbandet Kjøtt nevnast, men vér du sikker: Sliteneliten heng ikkje igjen i fortida. Dette er lyden av unge vaksne anno 2024 som har blitt servert ei øydelagt verd saman med ein beskjed om at ingenting kan nokonsinne forandra seg. Dette nekter Sliteneliten å akseptera. Med maksimalisme og sceneshow, håp, varme og glede serverer dei eit bevis på at ein annan verden er mogeleg.

Sliteneliten består av Synneva Gjelland (vokal, gitar, langeleik, piano), Ylva Gulpinar (gitar), Inga Haugdahl Solberg (fele), Maria Refsland (bass), Silje Strøm (tverrfløyte) og Thea Marie Kvam (trommer).

Når dei no kjem til Tre Brør på Voss er det i eit nedstrippa duoformat.


Ohnesorg:

Ohnesorg speler akustisk musikk med politisk relevans og tekstar som vil sei noko. Det kan være historiar om husokkupasjonar, forboden kjærleik, drøymer om ei verd utan grenser eller tapte revolusjonar. Ohnesorg tyder «sorglaus» og er inspirert av den vest-tyske studenten Benno Ohnesorg. Han vart skoten og drepen av ein sivilkledd politimann under ein demonstrasjon i Berlin i 1967. 

Debutplata Sanger for rastløse inneheld tolkningar av alt frå kampsongar frå den spanske borgarkrigen, via tonesatte dikt av Jens Bjørneboe, til amerikansk riot grrrl punk – det heile pakka inn i Ohnesorgs særeigne, lavmælte og melodiske lydbilete. Deira andre plate Retten til byen er eit sårt, ærleg og brennaktuelt manifest – og ei vakker kjærlighetserklæring til prosessane som oppstår når folk samlar seg for å skapa ei framtid til det beste for fellesskapet. Begge platene er utgjeven på det progressive plateselskapet No. 13. 

Rudolf Terland Bjørnerems akustiske gitar, Jenny Berger Myhres leikne klarinett, Martin Ulvin Svendsens ukonvensjonelle perkusjon og Elida Høegs klokkereine vokal, skapar i sin originalitet det lavmælte og melodiske uttrykket Ohnesorg er kjend for. 



Albert & Elise:


Albert og Elise er eit band frå Bergen som vidarefører det politiske engasjementet i folkemusikken frå Woody Guthrie, Joe Hill, Pete Seeger, samt frå den svenske progrockscena. Dei speler både eigne og andre sine songar med tekst på norsk.

Bandet har snart 20-års jubilum og har spelt med glede for alt frå kjempande fagforeiningsfolk, hardbarka bluegrassentusiastar, syngjande visenerdar, til engasjerte studentar. 


Namnet Albert & Elise kjem av dei to syndikalistane Elise Ottesen-Jensen og Albert Jensen: Elise Ottesen fra Sandnes møtte i 1913 den svenske syndikalisten Albert Jensen i Bergen og dette var starten på eit langt samliv. Dei flytta saman til Danmark i 1915, men vart i 1919 utvist for revolusjonært arbeid. Seinare budde dei saman i Sverige og arbeida for sosialismen der. Elise var ei føregangskvinne innan kvinnekamp og gjorde eit stort arbeid innan seksualopplysning. 


Bandets er glad i gjestar, men har og ei fast besetning som består av Marte Dæhlen (vokal, gitar) Kari Anne Drangsland (gitar, trekkspel, vokal) Annlaug Børsheim (fele,vokal) og Magnus Helgesen (vaskebrett, vokal).

Organizer
Kulturprogrammet Tre brør