page view image

Mort Benny // Konsert // Tre Brør bar

Informasjon
event image

MORT BENNY blei satt saman av låtskrivar og jazzgitarist Martin S. Haukedal frå Kaupanger i 2020.
Sidan den tida har dei gjort fleire titals jobbar saman og musikken på “Vestlandsk melankoli” har blitt til gjennom dette arbeidet. Den er vidare inspirert av eldre og nyare jazzmusikk/beatmusikk og pop/rock-låtskriving frå 60-talet og fram.

Dei fell inn saman med norske band som MEGALODON og Bushman's revenge. I likskap med desse artistane, glir MORT BENNY sømlaust mellom forskjellige musikkstilar, etter kva dei kjenner som meiningsfylt, anten det er fri-impro, beat eller swing. I sentrum står alltid låtane, tida saman har ført til eit sterkt og bevisst samspel, der dei beveger seg målbevisst gjennom dei sofistikerte og inderlige låtane som Martin skriv. 

Medlemma i MORT BENNY er alle aktive medlem av jazzscena i Noreg og bidreg i andre prosjekter som EIR, Soft City og Gangar.

Denne laurdagen tek dei turen til Voss og Tre Brør! Me gler oss!!